Når regjeringa i dag legg fram ei melding om forbrukarpolitikken, er det for å styrkje forbrukarane si stilling på område med særlege utfordringar.
Ny forbrukarkvardag
Det er 20 år sidan forrige stortingsmelding om forbrukarpolitikk, og mykje har skjedd sidan den gong.
– Da hadde vi verken smarttelefon eller sosiale medium. No er dette viktige produkt og tenester som vi brukar kvar eineste dag. Samfunnet og forbruksmønsteret vårt har endra seg også på mange andre område. Som forbrukarminister er eg oppteken av å ta vare på forbrukarane sine interesser og rettar også i vår nye forbrukarkvardag, seier Ropstad.
Berekraft og økonomikunnskap
Regjeringa skal også være ein pådrivar for frivillig samarbeid og frivillige ordningar som medverkar til eit meir berekraftig forbruk. Eit samarbeidsforum for berekraftig forbruk skal bli etablert, og regjeringa vil arbeide for å styrkje dei internasjonale miljømerkeordningane.
I meldinga foreslår regjeringa også tiltak for å dempe den veksande forbruksgjelda. Ein strategi for å styrkje økonomiforståinga i befolkninga skal bli utarbeidd.
I tillegg skal gjeldsordningslova reviderast. Lova er eit av dei viktigaste verkemidla styresmaktene har for å hjelpe folk ut av alvorlege gjeldsproblem, men ho må forenklast og bli meir tydeleg for å fungere betre.
Følgjande tema er særleg omtalt i meldinga:

Digital strategi
Forbrukarministeren varslar mellom anna arbeid med ein forbrukarpolitisk strategi for den digitale kvardagen, og regjeringa vil styrkje kunnskapen om personvernreglane. Statsråden er også oppteken av den digitale kvardagen til barn og unge.
– Vi skal kartlegge den digitale forbrukarkompetansen i befolkninga, med særleg vekt på barn og unge, og vi legg auka vekt på tilsyn med digital marknadsføring retta mot barn og unge, seier Ropstad.

- Den digitale kvardagen
- Gjeld- og kreditt
- Bustadmarknaden
- Berekraftig forbruk
- Daglegvaremarknaden
- Forbrukarutfordringar med arbeidslivskriminalitet
- Forbrukarapparatet
- Medverknad til ein felles europeisk forbrukarpolitikk
Legg inn en kommentar