– Vi må auke kompetansen og kapasiteten innan handverksfaga slik at fleire kan og vil arbeide med kulturminne og kulturmiljø, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Til saman vil dette være over 1 milliard i tilskot til kulturminne, kulturmiljø og landskap i heile Noreg. Pengane som skal gå til restaurerings- og istandsettingsprosjekt, vil også være retta mot kompetanseheving.
– Dette gjer vi for å ivareta kulturmiljø, gje handverkarar betre tilgang til oppdrag og bidra til nødvendig kunnskapsutvikling. Marknaden for tradisjonelle handverkstenester skal bli meir føreseieleg, både for kunde og leverandør. Med nye tilskotsmidlar kjem etterspurnaden etter kompetanse på tradisjonelle handverk til å auke, og vi oppmodar små og store handverksbedrifter til å satse, seier Geiran.

På bakgrunn av desse satsingane er målsetninga at tradisjonelle handverk skal få eit nasjonalt løft. Ein treng fleire gode og relevante utdannings- og opplæringstilbod, og rådgjevingstenester. Med fleire gode handverkarar får ein betre bruk av offentlege tilskot, og ein betre marknad for tradisjonelle handverkstenester.
Både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med NHO Byggenæringen og Norsk Handverksinstitutt har deltatt i styringsgruppa og bidratt med gode innspel til strategien. I tillegg har tre referansegrupper med til saman 42 personar frå ulike fagmiljø bidratt. I løpet av prosessen har Riksantikvaren fått 158 høyringsinnspel, og engasjementet har vore stort.
- Her kan du lese mer om Riksantikvarens håndverksstrategi
Erfaringsbasert kunnskapsutvikling og forsking på feltet vil også vere viktig for god og berekraftig bevaring av kulturmiljø i eit endra klima. Vi treng også meir kunnskap om tradisjonelle byggemetodar og materialbruk når samfunnet skal omstille seg frå prioritering av nybygg til auka tilpassing og ombruk av eksisterande bygningar.
– Vi treng handverkarar som meistrar dei mange ulike byggeskikkane vi har og har hatt her i landet. Når vi skal gjenbruke fleire og fleire bygg i tida framover, så ønskjer vi oss handverkarar som handterer lafteøksa like godt som spikarpistolen. Det er ein god føresetnad, seier Geiran.
Kilde: Riksantikvaren
Legg inn en kommentar