13 januar 2015

NVE sier nei til offshore vindmøllepark

NVE avslår søknaden om å byggje Siragrunnen vindkraftverk i Sokndal kommune i Rogaland og Flekkefjord kommune i Vest-Agder.

Kilde: Siragrunnen.no
Siragrunnen AS har søkt om løyve til Siragrunnen vindkraftverk med samla installert effekt på 200 MW, og forventa årleg produksjon på 780 GWh.
NVE har gjort ei samla vurdering av fordelar og ulemper ved vindkraftverket, som er tenkt plassert offshore på Siragrunnen på grensa mellom Vest-Agder og Rogaland fylker.

I avslaget har NVE lagt vekt på negative verknader for mellom anna naturmangfald, fiskeri og landskap. Desse verknadene er usikre, og vil etter NVE si vurdering ikkje vere så store at dei aleine førar med seg avslag på søknaden. NVE har og teke omsyn til at vindkraftverket kan gje vesentlege positive verknader for industri- og teknologiutvikling, men peikar på at størrelsen på desse fordelane og er usikre.

NVE meiner at prosjektet ikkje er samfunnsmessig rasjonelt når dei positive og negative verknadene blir sett i lys av dei store utbyggingskostnadane.

NVE vektlegg at Sokndal og Flekkefjord kommunar og dei to fylkeskommunane stiller seg positive til prosjektet. Samstundes legg NVE vekt på at Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Vest-Agder, Riksantikvaren og Fiskeridirektoratet har fremja motsegn til søknaden.

Sjå vedtaksdokumentet og andre dokument i saka.

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism