Ein ny rapport tyder på at det kan vere lågare meirkostnader enn tidlegare antatt ved å gå frå dagens energikrav til meir energieffektive passivhus.
Ein einebustad på 100 m2 kan få ein meirkostnad på 80 000 kroner, i motsetnad til tidlegare overslag på 150 000 og 120 000 kroner. Rapporten reknar at meirkostnaden ved å bygge ein einebustad som passivhus kan vere tent inn etter 12 år, grunna lågare energiutgifter.
Rapporten syner at det er relativt kostbart å rehabilitere eldre bygg til eit lågt energibehov. Men dersom energisparetiltaka gjerast i samband med andre tiltak, blir kostnaden lågare. Det er nemleg rigg, riving og stillas som kostar mest når ein skal rehabilitere eldre bygg.
Forskingsrapporten ”Kostnadsoptimalitet. Energiregler i TEK” er skrive av Multiconsult og Sintef Byggforsk på oppdrag frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Den gjev ei forenkla analyse av lønsemda til ulike energitiltak, og ut frå dette ei berekning av kor lang tid det vil ta å tene inn meirkostnaden.
Rapporten vil vere ein del av grunnlaget for endringane regelverket, som er varsla framover.
Rapporten kan lastast ned her
Hot Spots, Cool Designs: Sanjay Puri Architects Usher In a New Era of
Climate-Responsive Architecture
-
Climate change is no longer an abstract concept conveyed through scientific
data; every person on this planet has now been touched by the effects of
our ...
Legg inn en kommentar