01 august 2012

Stor mangel på livreddande midtdelarar

Sterkt trafikkerte vegar med midtrekkverk har 75 prosent færre dødsulukker, meld nrk.no. I dag er det rundt 70 mil med slikt rekkverk i Noreg. Statens vegvesen meiner det trengst 230 mil, men det vil ta over 10 år å byggje.

Midtrekkverk reduserer talet på alvorlege ulukker betrakteleg, fortel direktøren for trafikktryggleik, miljø og teknologi i Statens vegvesen, Marit Brandtsegg.

– Når statens vegvesen gjer utrekningar på trafikktryggleiken me får av møtefriveg eller det å setja opp midtdelarar, så reknar me at det vil redusera talet på drepne på høgt trafikkerte vegar med opptil 75 prosent, opplyser Brandsegg.

Vegvesenet reknar også med at talet på alvorleg såra vil bli halvert med midtrekkverk.

Via frontkollisjoner.no

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism