Marble marvel: natural stone takes centre stage in historic Milan
-
An apartment in the Italian city is transformed into an elegant home and
showcase for natural stone interiors
In the early noughties, Gabriele Salvatori ...
06 mai 2011
- Versågod, køyr over Hardangerbrua!
06 mai 2011
Jon Hoem
Arbeidet med Hardangerbrua starta 26. februar 2009, med sprenging av første salve på gang- og sykkelvegtunnelen i Vallavik. Tilførselsvegane med tunnelar på båe sider av fjorden er ferdige – no er det elektroarbeidet som blir neste etappe.
I desse dagar pågår siste innspurt på bygging av brutårna på Bu og i Vallavik, der dei 15 meter høge tårnhusa vil bli avdekka, med den spesielle spisse tårntoppen opp mot 202,5 meters høgd over fjorden.
Utover sommaren blir det bygd arbeidsplattform i fjordspennet mellom tårna, også kalla catwalk. Deretter blir det kabelspinning utover hausten 2011.
Det er stor interesse for bruarbeidet både lokalt, nasjonalt og utanlands. Statens vegvesen har sidan i haust arbeidd med å få til ei endå betre visualisering av den ferdige brua. No ligg det føre ein kortfilm med køyretur over brua frå Bu til Vallavik og inn til rundkøyringa i Vallaviktunnelen. Deretter går turen tilbake over brua i helikopter-perspektiv.
Kilde: vegvesen.no
Abonner på:
Legg inn kommentarer
(
Atom
)
Legg inn en kommentar