Granskinga kartlegg kompetansebehovet i ulike målgrupper. Med utgangspunkt i granskingsresultata skal det utviklast eit målretta kompetanseprogram for universell utforming, som ein seinare skal tilby aktørar regionalt og lokalt. Meir enn halvparten har altså i løpet av det siste halvåret opplevd behov for eller ønske om meir uu-kompetanse.
Dei som deltok i ganskinga sakna kompetanse på fire hovudområde:
- Kunnskap om gode eksempel/løysingar
- Generell kompetanse om lovverk/regelverk
- Kompetanse om tverrfagleg samarbeid/organisering av prosjekt
- Behov for superbrukarar, dvs. nokon å rådføre seg med
Pengar, politisk vilje og haldningar blir nemnt som dei største hindringane når det gjeld å få gjennomført opplæring i universell utforming.
Les rapporten og NKF sin omtale av granskinga.
Kjelde: Husbanken
Legg inn en kommentar