Regjeringa belønnar byar som vil auka framkome og betre miljøet i byområda. For å oppnå mest mogleg effekt, er det naudsynt med både tilretteleggjing og restriksjonar. Samferdselsdepartementet deler i denne omgang ut 128 millionar kroner til byområde som vil prøva ut ein slik kombinasjon.
Heilt sidan belønningsordninga blei etablert i 2004 har hovudføremålet vore å stimulera storbyane til naudsynte, men upopulære tiltak for å få ned bilbruken. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for kollektivtrafikken, og som både søkjer og får tildelt midlar.
Tildelinga i år er slik:
- Bergen: 55 millionar kroner
- Stavanger: 35 millionar kroner
- Oslo: 20 millionar kroner
- Tromsø: 6 millionar kroner
- Grenland: 10 millionar kroner
- Sarpsborg/Fredrikstad: 2 millionar kroner
Avtale med Trondheim, Kristiansand og Buskerudbyen
I fjor, mellom anna som ei oppfølgjing av klimaforliket, blei det opna for at Samferdselsdepartementet kunne inngå fireårige avtalar med byane, forutsett at byane forplikta seg til å ta i bruk restriktive verkemiddel for bruk av bil. Departementet på si side forplikta seg til å bidra med midlar til kollektivtiltak i fire år.
Så langt har departementet inngått slike avtalar med Trondheimsområdet, Kristiansandsområdet og Buskerudbyen. Desse tre avtalane utgjer 205 millionar kroner av ei totalramme i 2010 på 333 millionar kroner.
Fem byar søkte om fireårig avtale i årets runde, og til saman har desse byane søkt om 351 millionar kroner. Dette er monaleg meir enn dei 128 millionane som er til rådvelde når dei tre avtalebyane har fått sitt. I tillegg har eitt byområde – Sarpsborg/Fredrikstad – søkt om midlar for 2010.
Ingen av byane tilfredsstiller krava i retningslinene fullt ut, men både Hordaland/Bergen og Tromsø kan koma til å få ein fireårig avtale frå 2011. I Tromsø kommune er det gjort prinsippvedtak om å innføra køprising, medan Hordaland fylkekommune har gjort vedtak om køprising/differensierte bompengar. Samferdselsdepartementet vil derfor invitera Hordaland/Bergen og Tromsø til forhandlingar om ein avtale etter ferien.
Legg inn en kommentar