God skrevet spark til kulturministeren, skrevet av Hilde Sandvik i Bergens Tidende:
Kravet om ein nasjonal arkitekturpolitikk veks fram fordi arkitektur er «uttrykk for vår kulturelle, sosiale og økologiske standard», som det heiter i strategiplanen til Norske arkitekters landsforbund (NAL).
Men kulturministeren vil ikkje ha arkitekturpolitikk fordi det ikkje er departementet si oppgåve å skilje mellom stygt og fint, har han sagt til BT.
Ein norsk arkitekturpolitikk må handle om berekraft, byrom og landskap, ikkje om ferniss og flate kontra valma tak. For å sitere Lars Bylund, professor ved Bergen Arkitekt Skole: «Dette krever både en annen arkitektur og et annet syn på å bygge enn det de fleste har i dag.» (BT 29.09)
Dette har Trond Giskes politikarkollegaer i blant anna Danmark, Island, Storbritannia og Frankrike for lengst skjønt.
Frankrikes president, Nicolas Sarkozy, som til liks med Giske har vore oppteken av å snakke om kor folkeleg smak han har, hevda at han vil gjere alt han kan for å få fram djervskapen i den franske arkitekturen.
Ein av stjernearkitektane til stades, britiske Norman Foster, kvitterte med å takke Sarkozy for å ha skjøna at eit lands arkitektur er ein lakmustest, sjølve barometeret på kva slags verdiar eit samfunn tykkjer er viktige.
Nettopp i eit slikt perspektiv er Giske si avvising av problemstillinga underleg og på kanten til einfaldig. Han legg også heile ansvaret for arkitekturutviklinga på Norsk Form, ei stifting som verken har mandat eller vilkår til å lage rammer for ein politisk praksis.
Medan Åslaug Haga enno var kommunalminister sa ho til Dagens Næringsliv at ho ville snakke med Giske om eit samarbeid. No har ho skifta beite, men kanskje er Olje- og energidepartementet ikkje mindre viktig som medutviklar av ein norsk arkitekturpolitikk når det kjem til stykket.
Haga bør ta med seg den nye kommunalministeren, finansminister, sosialminister og kunnskapsminister når ho banker på hjå Giske.
Stygt og fint og sånt - bt.no
Blueprint for success: how Australian architects made the world take notice
in 2024
-
Incorporating First Nations cultures and history, and embracing sustainable
design have earned local builds global acclaim
When an unassuming public prim...
Legg inn en kommentar