12 januar 2007

Hardangerbru-arkitekturen klar

Hardangerbrua vert eit landemerke. Når brua står ferdig om fem år vil den ha ein varig signatur som passar inn i landskapet. Statens vegvesen vil presentere dei arkitektoniske hovudgrepa med to opne tunnelportalar og to brutårn på meir enn 200 meter.

- Hovudutfordringa har vore å finne i balansen mellom å få brua til å gli så godt som mogeleg inn i landskapet samstundes som den skal ha sin eigen signatur. Eg meiner at vi har lukkast med det. Brua tek omsyn til den brå overgangen mellom tunnel og bru blant anna med opne og tilpassa tunnelportalar, seier arkitekt Pål Jørgensen i Forum Arkitekter - som har teikna desse elementa.

Trass i at dei skal ta opp store krefter og ragar meir enn 200 meter opp i lufta, er brutårna blitt slanke konstruksjonar som vil gå godt inn i landskapet.

- Utforminga av tårntoppane har fått ei utforming som skal gi assosiasjonar til dei bratte fjellsidene og skredløpa som pregar brua sine ville og vakre omgivnader, seier Jørgensen.

Selv har jeg sansen for å trekke det litt lenger i form av portalenes og tårnenes mulige referansene til Minas Morgul, kjent fra Peter Jacksons tolkning av Ringenes Herre. Kanskje burde en forfølge tanken og etablere dette som en skikkelig tursitmagnet?

Noregs største
Statens vegvesen sitt arbeid med Hardangerbrua i Ullensvang og Ulvik herad i Hordaland er godt i gang. Klargjeringa av arkitekturen er ein viktig milepel i prosjektet. Allereie i mars vil anleggsarbeidet på Vallavik-sida starte.

- Brua vil verte den lengste hengebrua i landet. Den vil tene både lokalsamfunn, regionen og landsdelen. Den kryssar ein av våre lengste fjordar i eit landskap der naturoppleving har vore og vil vere bakgrunn for å besøke regionen. I tillegg til å lette kvardagen for dei busette og for handel og næring, er eg ikkje i tvil om at brua vil lokke fleire reisande til Hardanger, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp i Statens vegvesen.

Hardangerbrua vil inngå i riksvegane 7 og 13 – og dermed i stamvegnettet. Brua skal erstatte dagens ferjesamband mellom Bruravik og Brimnes. Det vert ei tofelts hengebru med eit hovudspenn på 1.310 meter og ei totallengde på 1.380 meter. Heile prosjektet er kostnadsrekna til vel 1,8 milliardar kroner.

HardangerbruaArkitektpres17HardangerbruaArkitektpres18HardangerbruaArkitektpres21HardangerbruaArkitektpres24

Legg inn en kommentar

 
Arkitektur  & Miljøteknologi Design: Templateism