Den moderne arkitekturen er i fare. Ingen står opp og forsvarar nyare bygg når nokon finn det for godt å riva, byggja om eller byggja på.
Arkitektur som er for ung til å ha fått status som verdfull og verneverdig, har ingen fast forsvarsadvokat. Og arkitekten som teikna det opphavlege bygget, blir sett på som brysam om han set seg imot ei planlagd endring.
I 1963 fekk Bergen landets første kjøpesenter, på Sletten. Eit funkisanlegg av Arne S. Halvorsen, typisk for si tid. Tilsvarande bygg i byen Tapiola i Finland blei freda. Dit blir det framleis arrangert guida arkitekturturar frå Helsinki.
Det som i Finland blei ein attraksjon, vart øydelagd i Bergen. Sletten Senter er ombygd, funkisanlegget er borte.
Moderne arkitektur er i fare - bt.no
Architecture 101: What is Maximalism in Architecture?
-
Today, Maximalism blends history, technology, and bold aesthetics with
contemporary design.
The post Architecture 101: What is Maximalism in Architecture...
Legg inn en kommentar