Halleraker seier til Bergens Tidende at han har vore i kontakt med fleire aktørar som kan tenkja seg å vera med å finansiera ekstratiltak rundt Hardangerbrua.

- Kan dette tolkast slik at Stortinget så å seia oppfordrar til arkitektkonkurranse om brua?
- Det kan det kanskje. No trur eg nok det vert bra det som Statens vegvesen kjem fram med. Men i tillegg til brua, kan vi tenkja oss eit opplevingssenter for norsk byggjekunst. Og kva med ein heis opp til toppen av tårnet, utvendig og i glas?
Arbeidet med tilførsletunnelane startar neste år, medan arbeidet på sjølve brua kjem i gang i 2008. Hardangerbrua vert truleg opna i 2011.
Vil ta heis til topps på Hardangerbrua - bt.no
Legg inn en kommentar