- Dette er modig. Det er imponerande at de tør å vera så nytenkjande, sa landbruksminister Terje Riis-Johansen da han la ned "grunnsteinen" til første store massivtre-prosjektet på Vestlandet.
Veidekke Entreprenør A/S har teke på seg jobben med å byggja dei tolv samanhengande einebustadene i massivtre, som kjem til å bli eit landemerke i åsen mellom Pedekfabrikken og Trollhaug-krysset. Massivtrebygga vil delvis stikka ut i lause lufta. Entreprenøren må syta for solid bardunering. Moelven skal levera dei prefabrikkerte treelementa.
Landbruksministeren delte ut milde gåver under den nordiske Trebykonferansen i Bergen. 35 millionar kroner vil regjeringen bruke for å få fart på trebruken i 2006. På Innovasjon Noreg sitt kontor i Bergen ventar dei berre på dei gode søknadene frå treindustrien og bransjen elles.
I området Ådland/Espeland i Fana skal det byggjast ein ny bydel. Perspektiv Arkitekter har planlagt dei første 300 bustadene i massivtre
Arkitekt Todd Saunders har laga denne prefabrikkerte hytta i samarbeid med treprodusentar i Canada. Han er glad for den nye norske viljen til nytenking når det gjeld trearkitektur.
Den positiske viljen er stor i Bergen til å byggja nytt i tre, men det tek tid før annonserte prosjekt blir byggeklare. Det finst utbyggjarar som har droppa massivtreplanar fordi dei ikkje kjende seg trygge på løysinga teknisk og økonomisk, og det finst utbyggjarar med planar som dei inntil vidare held tett til brystet.
Vaxsjø i Sverige skryter av å ha bygd Nordens største trehus på Vaxsjø Universitet. I byen ligg også ein ti etasjar høg kornsilo frå 1917, teikna av den svenske modernisten Asplund. Denne blir no omgjort til bustadblokk. Regionen rundt denne byen er prega av fråflytting og manglande arbeidsplassar. Vaxsjø vil byggja nye bygg i tre også for å skapa ny aktivitet og nye arbeidsplassar i regionen, fortalde arkitekt og professor Erland Ullstad.
Det er også bakgrunnen for at Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland engasjerer seg i arbeidet med trebyen.
Mer om dette: Med tre skal byane moderniserast - bt.no.
Marble marvel: natural stone takes centre stage in historic Milan
-
An apartment in the Italian city is transformed into an elegant home and
showcase for natural stone interiors
In the early noughties, Gabriele Salvatori ...
Legg inn en kommentar