
Oslo-eliten på bygdetur
Djupast sett skildrar Katrine Sele korleis det må gå når folk med dress, slips og Holmenkolldialekt engasjerer seg i eit bygdeutviklingsprosjekt som Norsk Bremuseum i realiteten er. Oslo-eliten på kulturell bygdetur tykkjer det er ei dødssynd at bensinstasjonar har torvtak, naturstein, neonlys og Statoilskilt. Dei meiner at noko slikt, eit slikt bygg, vil øydeleggja for Bremuseet, «ein spiss av grå betong så vidt synleg bak vegkroa», som ho skriv. Ho nemner desse bygdeutviklarane på namn: Peter Butenschøn, direktør i Norsk Form, Fehn-entusiast og kulturskribent Mari Lending i Aftenposten.
Formann i Den Norske Turistforening, Knut Ore. Turistforeningen er forresten blitt det nye domene til Kristin Krohn Devold, høgrekvinna i feltuniform. Også økonomidirektør i Olav Thon-gruppa, Øystein Trøseid, engasjerer seg mot den nye bensinstasjonen. To av desse personane sit i styret for Bremuseet. Dei har eit kontaktnett og ei påverknadskraft som kan skrema fan på flatmark. Riksadvokat Sven Ole Fagernæs har heller ikkje mykje sans for bensinstasjonar på bygdene, med torv på taket, vel å merka.
Når Holmenkollåsen driv bygdeutvikling - bt.no.
Legg inn en kommentar